Hva er kunstforvaltning i KORO?
Hvem er vi og hva gjør vi?
KORO sin kunstverkdatabase og DigitaltMuseum
Ta i bruk DigitaltMuseum
-
Kva opplysingar finn eg på DigitaltMuseum?
På DigitaltMuseum finst blant anna foto av kunstverket og bygget det er utforma for. I tillegg finst det informasjon om tittelen på kunstprosjektet, kunstnaren, tittelen på verket, produksjonsår, materiale, teknikk, mål, ei skildring av motivet og historikk.
-
Korleis søkjer eg etter eit kunstverk, bygg eller ein kunstnar?
Du skriv inn eitt eller fleire søkjeord i søkjefeltet og trykkjer på knappen «SØK» eller «ENTER» på tastaturet ditt. I tillegg finst det også «Utvida søk» med fleire søkjeval. Eit søkjeord må innehalde minst tre teikn og skil ikkje mellom små og store bokstavar. Eit søk søkjer gjennom alle objekta frå alle musea, men om du trykkjer på «Filtrer» til høgre for søkjefeltet, kan du avgrense søket til for eksempel biletkunst. Du kan også velje KORO som institusjon.
-
Kva er ei utstilling under KORO på DigitaltMuseum?
Ei utstilling er eit kunstprosjekt (for eksempel Høgskolen i Oslo og Akershus). Innanfor kvart kunstprosjekt er det registrert eit tal på kunstverk/objekt.
-
Kan eg laste ned og bruke foto frå dette nettstaden?
Verka på denne sida er beskytta av opphavsretten. Du må få samtykke frå BONO eller rettshavaren. Verka må ikkje kopierast eller gjerast tilgjengelege for allmenta, digitalt eller analogt, utan løyve frå BONO.
-
Kan eg bestille bilete frå DigitaltMuseum til eigen bruk?
Ynskjer du å bruke foto av eit kunstverk, kan du ta kontakt med BONO for å få ein enkel lisens. For presse er det ein eigen avtale som gjeld bruk av bilete. Ta direkte kontakt med presseansvarleg i KORO.
-
Kan eg rette opplysingar eller legge inn nye?
Du går anten rett inn på eit kunstverk/objekt eller via ei utstilling og inn på eit kunstverk/objekt på DigitaltMuseum. Til høgre for biletet er det to faner, og på den eine står det «Kommentarar». Trykk på fana, og eit eige kommentarfelt blir synleg. Skriv ein kommentar og namnet ditt og epostadressa di.